onsdag 26. november 2014

Ventetid!

Datoen for Vestlandstreff 2015 er no klar: 16. til 18. Oktober!

Vi har lagt treffet ca ei veke seinare enn vanleg for dette treffet, dette har si årsak i at hotellkapasiteten er sprengt første halvdel av oktober pga. mange forestillingar ved Opera Nordfjord.

Så mens vi ventar på neste års treff, kan du nyte eit herleg kveldsbilde av utsikten frå Nordfjordeid og vestover Nordfjorden. Bildet er teke no i november av Aslaug som er medlem av klubben vår!


søndag 9. november 2014

Sylvi kjem!

Då presenterer vi den første som vi har gjort avtale med til Vestlandstreffet, Sylvi Ruud!
Det er ikkje sikkert at alle kjenner henne ut frå namnet, men om vi nemner bloggen Syglad , då reknar vi med at det vert mange glade quiltarar rundt om.

Sylvi er nok mest kjend som den produktive dama som syr dei mest fantastiske vesker! Ho brukar sjelden mønster, og om ho gjer det, så er det ofte mønster frå MyQuilt. Men Sylvi let seg inspirere av desse mønstera, og av ulike sortar stoff ho omgjev seg med, td. møbelstoff, så skaper ho nye og moderne bruksvesker. Ho er også dyktig med detaljar og brukar mange effektar og stoff til både dekor og praktiske løysingar.

Her er bilde av den siste veska ho har lagt ut, sjå kor fint ho brukar det stripa stoffet og knappar som matchar dekoren, akkurat passe mykje til at veska vert spesiell.

Vi er svært glade for at vi har fått tak i Sylvi, og ho vil nok inspirere mange til å lage sine eigne spesielle vesker.

Nærare informasjon om kursinnholdet kjem vi til å presentere seinare, men følg med på Sylvis blogg eller Facebookside, og lat deg inspirere og kanskje gle deg til å få henne som "veskeinspirator"??

Kurs-slepp!

Vi er godt i gang med å få tak i gode kursholdarar til Vestlandstreffet, og etter kvart som vi gjer faste avtaler, så vil det komme info på sida her. Det vil seie at det dukkar opp namn og info med jamne mellomrom framover no, så følg med på sida!

Vi kan ikkje love at det blir kurs i "Bildekorering", men vi legg opp til at alle skal kunne finne noko som kan være med på å utvikle hobbyen deira.


tirsdag 14. oktober 2014

Vår tur!

No er det vår tur igjen til å arrangere dette kjekke og inspirerande treffet. Velkommen til deg som er innom bloggen vår. Som du ser, så er her kun praktisk info om Nordfjordeid førebels. Vi er godt i gang med kontakt med neste års kursholdarar, men når info kjem her, er uvisst enno.

Vi har også eiga Facebookside, "Vestlandstreff 2015", her blir det lagt ut linkar til denne bloggen. Håper då at all info vert lett tilgjengeleg for dei fleste, men del gjerne adressene til dei som kan ha interesse av å komme på vårt treff neste år.

søndag 20. juli 2014

Overnatting

Nordfjordeid sentrum har det meste for dei tilreisande, og dei to store hotella i bygdebyen vår held god standard. Her er også eit lite hotell med litt anna tilbod enn dei store.Vi håper å få på plass ei god avtale om overnattingsprisar til treffet, det kjem innlegg om dette seinare.

Hotella våre:

Nordfjord hotell

Bryggen hotell 

Sentrum hotell

Du kan også bestille overnatting på familiehotellet Balsnes gard, eit heilt spesielt tilbod ca. 7 km vest for Nordfjordeid sentrum.

søndag 9. mars 2014

Kurs på treffet

Vi kjem til å ha både kortkurs og kurs over to dagar. Om besøkjande er innom bloggen vår allereie no, så må de gjerne komme med ynskjer om både kursinnhold og kursholdarar. På denne måten kan vi få lagt til rette for ei helg der mange kan få lære meir ut frå interesse!


Skriv gjerne i kommentarfeltet eller send epost til bloggredaktør; hatlene@online.no.

Vestlandstreff 2015!

Nordfjord lappe- og quilteklubb har fått tildelt Vestlandstreffet 2015.

Dette er eit stort arrangement som samlar quilteinteresserte frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord. Det er også ope for andre quiltarar utanfor dette distriktet!

Treffet går vanlegvis føre seg andre helga i oktober, men vi har fått høve til å arrangere ei anna helg. På Nordfjordeid har vi kvart år oppsett i Opera Nordfjord dei to første helgane i oktober, så på grunn av hotellkapasiteten, legg vi treffet vårt til helga etterpå.

Vi har arrangert treffet to gongar før, i 2000 og 2006, og med gode erfaringar frå desse treffa, så gler vi oss til å invitere alle til Nordfjordeid igjen!