søndag 9. mars 2014

Kurs på treffet

Vi kjem til å ha både kortkurs og kurs over to dagar. Om besøkjande er innom bloggen vår allereie no, så må de gjerne komme med ynskjer om både kursinnhold og kursholdarar. På denne måten kan vi få lagt til rette for ei helg der mange kan få lære meir ut frå interesse!


Skriv gjerne i kommentarfeltet eller send epost til bloggredaktør; hatlene@online.no.

Vestlandstreff 2015!

Nordfjord lappe- og quilteklubb har fått tildelt Vestlandstreffet 2015.

Dette er eit stort arrangement som samlar quilteinteresserte frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord. Det er også ope for andre quiltarar utanfor dette distriktet!

Treffet går vanlegvis føre seg andre helga i oktober, men vi har fått høve til å arrangere ei anna helg. På Nordfjordeid har vi kvart år oppsett i Opera Nordfjord dei to første helgane i oktober, så på grunn av hotellkapasiteten, legg vi treffet vårt til helga etterpå.

Vi har arrangert treffet to gongar før, i 2000 og 2006, og med gode erfaringar frå desse treffa, så gler vi oss til å invitere alle til Nordfjordeid igjen!