søndag 9. november 2014

Sylvi kjem!

Då presenterer vi den første som vi har gjort avtale med til Vestlandstreffet, Sylvi Ruud!
Det er ikkje sikkert at alle kjenner henne ut frå namnet, men om vi nemner bloggen Syglad , då reknar vi med at det vert mange glade quiltarar rundt om.

Sylvi er nok mest kjend som den produktive dama som syr dei mest fantastiske vesker! Ho brukar sjelden mønster, og om ho gjer det, så er det ofte mønster frå MyQuilt. Men Sylvi let seg inspirere av desse mønstera, og av ulike sortar stoff ho omgjev seg med, td. møbelstoff, så skaper ho nye og moderne bruksvesker. Ho er også dyktig med detaljar og brukar mange effektar og stoff til både dekor og praktiske løysingar.

Her er bilde av den siste veska ho har lagt ut, sjå kor fint ho brukar det stripa stoffet og knappar som matchar dekoren, akkurat passe mykje til at veska vert spesiell.

Vi er svært glade for at vi har fått tak i Sylvi, og ho vil nok inspirere mange til å lage sine eigne spesielle vesker.

Nærare informasjon om kursinnholdet kjem vi til å presentere seinare, men følg med på Sylvis blogg eller Facebookside, og lat deg inspirere og kanskje gle deg til å få henne som "veskeinspirator"??

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar