tirsdag 10. november 2015

God quiltemat!

Det mangla ikkje på god mat på alle fat denne helga! Det krevst ei god planlegging med servering til rundt 150 svoltne quiltedamer ei slik helg, men vi håpar at dei fleste hadde ei god "matoppleving" også.

På slike arrangement vil det alltid være nokre som har ulike allergiar, dette tok vi medlemmane omsyn til i kakebaksten vår. Kokken vi leigde inn til all varm servering på ungdomsskulen, Runar Gudmundsson, er kjøkkensjef på Nordfjord sjukehus, og kan vel seiast å være ein trygg ekspert på dette! Nordfjord hotell stod for det flotte koldtbordet under festmiddagen vår laurdag kveld, der var det også godt informert om dei ulike matrettane.

Her er ein liten kavalkade over maten som gav energi til alle quilteglade damene og gjestar som var innom utstillinga vår og åt i quiltekafeen!

 Nydelig fiskesuppe vart servert fredag kveld på flotte Egersund-tallerkenar!

Ein liten suppe-pause for nokre av arrangørane!
 Lunsj laurdag; lasagne med brød og salat, kokken Runar og kona hans stod der like blide kvar dag og serverte oss. Søndagslunsjen var steik og kjøtkaker. Så mykje nydelege varmrettar gjorde at dei hausta mykje ros for maten frå gjestane våre. Velfortent!

Vi delte kursdeltakarane i to puljer, her vart ein enkel gang i skulen trylla om til ein lekker resturang med quiltar som veggdekor! Håpar at maten smaka!!


Vi hadde ståande framme kakebord alle dagane og med rundt 50 medlemmer som laga kaker,......ja så vart det også eit rikholdig kakebord for einkvar smak!!
 Denne flotte quilta kaka vekte mykje merksemd!! Nydelig og kreativ kake!






 To medlemmar styrte kafeen på omgang. .....og kafegjestane kosa seg!

fredag 23. oktober 2015

Quiltesongar på festmiddagen.

Vi er så heldige å ha ein syande poet i klubben vår, Signy-Alise Kvitnes Halle! Ho seier alltid ja til slike oppdrag, og ha skrive songar til oss før. To songar skreiv ho til dette Vestlandstreffet! Tusen takk til henne!

Tekstane ho skriv er absolutt innanfor temaet Quilting, og melodien er kjend for dei fleste.



VELKOMMEN TIL BORDS!


Tone: Drømmen om Elin.

Velkommen hver en gjest,
hit til Nordfjordeid på Vestlandstreff!
Quiltegleden gir oss så mange gode venner!
Har du vært med før, ser du sikkert noen du kjenner?
Fram med humøret, her skal det hygges i lag!


Quiltekurs vi går,
lærer mange interessange ting!
Tips og råd vi får, som er spennende å prøve.
Stoffer MÅ vi ha, - mye mer enn det vi behøver??!!
Inspirasjoner følger bagasjen med hjem!


Bjørkeskogens sus,
fjellets stolte kneis og fjordens brus.
Ønsker oss vel møtt, når vi bordets gleder nyter.
Sang og prat og spill, nye vennskapsbånd vi knytter!
Nå skal det festes: HJERTLIG VELKOMMEN TIL BORDS!

sakhalle



HYMNE  TIL  NÅLA!

melodi: Napoleon med sin hær


Hymne til sy-nåla!
Det var ein gong i tida, ein god idè blei «sådd».
Ein liten ting vart forma og målet det var nådd
Og «tingen» blei til nytte, i kvart eit hus og hytte.
Vi kan den aldri bytte, om vi til det blei rådd!

Ja, den er kvass i enden og kun eit auge har,
så den har nok skremt vete til mang ein «gasta» kar.
Og den kan ei erstattast, men berre bli oppskattast,
Til hygge og til nytte den alltid plassen tar.

Og den har skaffa arbeid til fattig og til rik,
Så derfor kan vi seia at «tingen» er unik.
Skapt virklegheit av draumar, igjennom vakre saumar,
i lær og filt og stoffer og mange slags teknikk!

I broderi med farger i tråd av alle slag
I Crazy-quilt og Art-quilt, og mønster ifra blad.
Med kjedesting og forsting, og attersting og korssting,
og klostersaum og knappholssting, vi hygger oss ilag.

For dette er ei vise til sy-nåla sin pris.
Og alle kan vi legge fram masser av bevis
I quiltesaum og handsaum, og indresaum og fransksaum
i stopping og maskinsaum, til nytte og behag.

sakhallekjedesting og forsting, og bladle slagtil ska


Litt av ei helg!!


Vi hadde besøk av to lokalaviser under treffet, og over her er eit bilde som kom i avisa Fjordenes Tidene som kjem ut i Måløy.

Journalist Jørn-Arne Tomasgard har skrive artikkelen under her. Vil du lese den direkte på avisa si nettside, finn du linken HER.

Inger Starheim kunne smile breiare enn dei fleste etter quiltefestivalen på Eid i helga.
– Litt av ei helg, fastslår stårheimaren der ho står med ein av hovudgevinstane i loddtrekninga, ei ny symaskin til 7.000 kroner.
Det verka som ho hadde dei andre 200 kvinnene på Vestlandstreffet med seg i oppsummeringa. For det var berre smil å sjå, og godord å høyre. Inspirerande, lærerikt og sosialt, var ord som gjekk att på Eid ungdomsskule der treffet vart skipa til fredag til søndag for tredje gong.
– Inspirerande med så mange damer med same interesse samla. Og sjølvsagt lærerikt å vere med på kurs. Eg har brukt mykje pengar, men no trur eg at eg er i pluss, seier Starheim med symaskina i handa.
Kurshaldarar frå utlandet
Det kom kurshaldarar frå Sverige og Danmark i tillegg til Noreg. Det vart mellom anna laga teppe, lommebøker, nåleputer og vesker. Definisjonen på å quilte er å sy to eller fleire lappar saman til ein større kreasjon. Leiar i arrangørklubben Nordfjord lappe- og quilteklubb, Anne Marie Holsvik, brukar ordet kunst om aktiviteten.
– Mange av oss lagar bilete. Eg vil seie det er ei kunstform, seier ho.
Klubben har 50 medlemmer frå 10 kommunar. Dei har fast treff på Eid ein gong i månaden, i tillegg reiser mange frå ytre til Åheim ein gong i månaden på treff. Leiaren reknar med at arrangementet går i pluss slik at dei har pengar å drifte den aktive klubben for.
Ei hektisk helg
Nokon som både var slitne og nøgde søndag ettermiddag, var Ingun Vaksdal hjå Primula Design og Siv Englund Smørdal på Lappestua. Begge butikkane held til vanleg til i Eidsgata, no var dei flytta til festivalen.
– Ei veldig stor helg for meg. Både inspirerande og innbringande, seier Vaksdal.
– Hektisk. Mange glade damer som har vore flinke å bruke pengar, seier Englund Smørdal og fortel at det er stor interesse for stoff, tilbehøyr og utstyr i miljøet, og at det er betalingsvilje om ein finn noko ein vil ha.
Symaskinseljar June Enerstad stadfestar at quiltarane er litt «utstyrsfreakar». Ho hadde med seg ei broderingsmaskin til 68.000. Det er i praksis ei maskin ein kan programmere til å sy alt mogleg.
– Det er mange som har sett kva dei skal drøyme om framover, fortel ho.







onsdag 21. oktober 2015

Gruppebilde frå treffet!

Vi klarte å samle sammen ganske mange kursdeltakarar på treffet slik at vi fekk eit gruppebilde. Det var sikkert ikkje heilt enkelt å rive seg laus frå symaskina for mange av oss, men så kjekt at vi fekk til dette!!


 Det er journalisten i lokalavisa vår Fjordabladet som ynskte å samle så mange, for på denne måten får ho fram den store interessa for quilting!


mandag 19. oktober 2015

Bilder frå kurs med Frøydis Myhre

Det er alltid spennande å sjå kva som blir laga på Frøydis sine kurs. Ein går ut frå ein idè og så legg ein på fargar, stoff, og kursleiar hadde mange modellar til inspirasjon.
 Bildet over og alle under her er laga av Edny Raknes Reiten. Dei viser korleis ho gjekk fram i arbeidet. Alle bilda er frå bloggen hennar som du finn HER.






Det ferdige resultatet, kjempefint Edny!


 Er det kursdeltakarar som har bilder, så send på epost til hatlene@online.no

søndag 18. oktober 2015

Bilder frå kursa med Anne Pia Godske Rasmussen

Anne Pia hadde tre kortkurs, der lommebok var det første kurset.
 Anne Pia sin modell til venstre på bildet.




Dei 4 bilda under her er av det Elin T. Grov sydde, ho gjekk på to kurs med Anne Pia laurdag.





Bilder frå kursa med Kari Renolen

Kari hadde kurs to dagar, laurdag laga ein bilde med servietter og decoupage teknikk.

Søndag stod veske på programmet, der kunne dei som gjekk på kurs laurdag, bruke bildet på veska.

 Bildet over og under er Karis modell.

 Flotte veskelokk!
Veska under her er laga av Vigdis E Høve Ørskog
Denne under er av Inger Valaker Øvrebø.
Dei tre bilda under her er frå Decoupage på stoff som dei laga på kurset laurdag. Inger V Øvrebø har laga alle tre.



Bilder frå kursa med Mona Rosvold Bauge

Mona hadde to flotte kurs denne helga, dette var kurs med svært stor deltaking. Men sporty Mona tok imot alle, og det vart laga mykje flott.

Laurdag var det kurs i "Oldemorsruter"


 Over og under her er Monas modellar.





Desse fargerike blokkene over og under er sydd av Kari Eide.

Søndag var det "Toalettveske" som vart laga.

Dei to bilda under: laga av Eli Kriken


To bilder under: Laga av Magny Røstenskar