torsdag 15. januar 2015

Frøydis Myhre!

Frøydis Myhre tek turen til Vestlandstreffet igjen. Ho er ein allsidig kunstnar innan mange teknikkar, og vi kjenner henne som ein dyktig lærar innan Art Quilt.



Ho har halde mange kurs der ho brukar mosaikkteknikk til å bygge opp bakgrunnar til bilder, men også som ein dekor i seg sjølv.

 Ho brukar  effektar i bilda som td. ulike måtar å quilte på; striper tett i tett, nesten som ein kan ane at vinden bles på dei blå bilda over her! Kontrastar ser vi, og fargespel i mosaikken som gjer at ei flate ikkje ser flat ut!!

Frøydis driv også med tekstiltrykk, og har laga mange flotte bilder i tekstil.


Ho har hatt separaturstilling, her er omtale til ei utstilling i Sørum bibliotek:

Frøydis Myhre har tatt en rekke kurs i inn- og utland innen tekstil, papir, maleteknikker og tegning. Hun er utdannet i design og håndverk og jobber som faglærer i kunst og håndverk og spesialpedagogikk i grunnskolen. Hun holder også kurs og foredrag om farging, trykking, maling og /eller søm i eget design.

HER er link til nokre bilder ho har laga.

Meir info finn du på heimesida hennar, Froyadesign.



Ho har halde kurs i fleire quiltelag på austlandet, bilder under her er frå Jessheim Quiltelag sin blogg der ho hadde kurs for vel eit år sidan.

Mosaikk og saum,.....vakkert!

 Frøydis var på Vestlandstreffet i Florø, og svaært mange positive tilbakemeldingar frå dette kurset gjer at vi no vil gje fleire moglegheit til å lære av henne. Kva som vert kursinnholdet til hausten, vil komme i ein samla kurspresentasjon.
Kari, medlem i klubben vår, gjekk på kurs med Frøydis, her arbeider ho med eit bilde i gylne fargar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar