mandag 12. januar 2015

Kari Renolen!!

Gled dykk, Kari Renolen har sagt ja til å holde kurs for oss også!

Det er nok mange som kjenner godt til Kari, i mange år har ho designa flotte mønster under namnet K-Quilt.

No er det også mange som kjenner henne frå det populære bladet MyQuilt der ho er både redaktør og flittig bidragsytar med mønster.
Denne løparen har Kari designa, løparen under her har det stått mønster i MyQuilt, den er sydd av Liv Storvik Harby.
Kari har ein spesiell frisk stil og fargeval i quiltane ho lagar mønster til, og om de Googlar namnet, så finn de mange flotte bilder av ma. vesker og og løparar. HER er eit døme!

Dette er også eitt av Karis mønster, Sylvi Ruud/Syglad har sydd denne.

Kva som vert kursinnholdet hos Kari, er ikkje heilt klart enno, men som de ser, så kan de vente dykk noko av det forfriskande slaget!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar