tirsdag 20. januar 2015

Mona Rosvold Bauge!

Gled dykk, no får de møte Mona Rosvold Bauge igjen! Vi som saknar henne frå den inspirerande butikken hennar Quiltekroken i Bergen som no er lagt ned, no får vi sjansen til å gå på kurs med henne!


For dei som var innom butikken hennar, så huskar dei nok at Mona var ei svært inspirerande og kreativ dame. Ho er veldig flink til å setje saman fargar, og utstillingane hennar viste at ho la stor vekt på heilskap og miljø rundt quiltane.

Om Mona: (klipp frå bloggen hennar)
Har vært kursleder i lappeteknikk siden 2002 Har holdt mange ulike kurs Har også hatt mange kurs med opplæring i symaskiner, broderimaskiner og broderidesign Var kursleder i Quiltekroken i 2002 - 2014 Holder nå kurs hos Tonje Brodering i Bergen

Var nyutdannet lærer i 1980 og har nå over 25 år i norsk grunnskole har arbeidet i Bergen Kommune, Meland kommune og ved Den Norske Skole i Kamerun for Det Norske Misjonsselskap.  Er nå kontaktlærer ved Nordhordland kristne grunnskole.
.


Mona er ein erfaren kursholdar og har halde kurs rundt om i landet. Ho arbeider som lærar i det daglege, og eit pedagogisk godt opplegg der ho når fram til alle kursdeltakarane, er viktig for henne. Dette har ho også fått gode tilbakemeldingar på. No har ho eit samarbeid med firmaet Tonje Brodering på Kalandseidet i Bergen, der ho bla. held kurs i bruk av symaskin.

 Ho har eigen blogg, Monas Sygleder, besøk den og bli betre kjend med Mona! Klikk på linken Fotogalleri, der igg det mange fine bilder!


Mona har laga mønster til denne flotte og populære toalettveska, mange har laga denne på kurs med Mona!

Denne er frå bloggen Quiltegleder



Desse to toalettvskene over her er frå bloggen Sivquilt
Ho skriv at ho likar mønsteret godt og at den er enkel å sy.

Frå bloggen Trulteskogen
 Denne er frå Pinterest


Mona har designa mange ulike mønster, både løparar og kuvertbrikker. Her er døme på ei litt romantisk kuvertbrikke.

Frå bloggen Englequilt

Mona har også halde kurs i ein stor reisebag, med blokker der stitchery er ein del av dekoren.
Denne er frå bloggen Trines hobby.
Ho har designamønster til denne flotte veska under her, denne er sydd av ein kursdeltakar.
Mona har også sydd mange tepper og løparar, under her er Hjerteløparen som ho har laga mønster til.

Mona vil truleg ha to ulike kurs hos oss, så det vil  dermed bli rom for at mange kan gå på kurs med henne. Kva som blir kursinnhold, blir lagt ut seinare, men vi har fått ein liten sniktitt,......dette ser då lovande ut, harmoniske Mona-fargar,men kva kan det bli??

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar