søndag 18. januar 2015

Patricia Iden!



Patricia Iden har sagt ja til å holde kurs hos oss, og det er vi veldig glade for. Det er det sikkert fleire som er også, og vi tok kontakt med Patricia spesielt fordi vi bad om ynskjer til kursholdarar på denne bloggen. Vi fekk ynskjer om Patricia, og då er det klart at vi prøver å finne kurs som quiltarar vil gå på.

Patricia er både ein svært erfaren quiltar og kursholdar, og ho er kjend for å være svært nøyaktig. "Det perfekte stinget" må være hennar varemerke, for her er det ingen tilfeldigheter. Dette har også ført til at ho har vist mange at ein kan sy stitchery på symaskina,...så fint at ein må sjå etter om det er handsaum eller ikkje.
Bildet over er lånt frå Tonje brodering i Bergen.

 Desse bilda er frå bloggen Maryquilt.



Patricia koblar stitchery med lappeteknikk i quiltar som tepper, løparar, og i andre bruksting som td. sybok og trekk til symaskina.



Det er mykje fint å lese om Patricia som kursholdar på ulike nettsider, og vi som har gått på kurs med henne, veit at dette stemmer godt. Her kan de lese kva Ålesund og omegn Quiltelag har skrive:

Flere medlemmer har vært på kurs med Patricia Iden, du verden hvor mye hun hadde å lære bort, hun KAN symaskin. (Janome) Masse om nåler, tråd, føtter og instillinger. Et virkelig inspirerende kurs, med mange aha opplevelser.

Bloggred. vil legge til at Patricia er like dyktig med andre symaskinmerker, har ein anna symaskin enn Janome, så er dette ikkje noko hinder i å få fullt utbytte av kursa hennar!


På bloggen Maryquilt står dette:

Hun er fantastisk flink på stitchery på symaskin. Hun over øser oss av hennes enorme entusiastisme, visdom på hvordan symaskinstingen kan brukes.

Patricia er også ein meister i applikasjon, og mange har nok sett det fantastiske "Valmueteppet" ho har laga og har halde kurs i.

Rundt om i landet er det nok mange som har eit liknande teppe, i ulike fargar. Her lærer ho korleis ein kan bruke dei ulike symaskinstinga på ein dekorativ måte.
Bilda under her er frå bloggen til Ålesund og omegn quiltelag.

Vi ser fram til eit lærerikt kurs med Patricia i oktober!!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar