tirsdag 14. april 2015

Det nærmar seg......

No er det nok mange som ventar utålmodig på meir info om kurs på Vestlandstreffet 2015.


Vi held no på med siste finpuss på kursoversikten. Til dei som har vore med på slike treff før, så kan vi opplyse at vi kjem til å ha ein seinare påmeldingsfrist enn det har vore tidlegare. Vi har sett fristen til 15.6, så det er rikeleg med tid til påmelding når den tid kjem!

Det er også nokre som lurer på om dette arrangementet er berre for quiltelag og berre for vestlendingar. Men NEI, her kan den som vil melde seg på. Problemet tidlegare har vore å nå fram til dei som syr "for seg sjølv", for ein har brukt å sende invitasjonar til quiltelag som igjen informerer sine medlemmar. No har vi Facebook, og aldri før har det vore enklare å spre gode nyheter, heldigvis!!

Så når kursa blir offentlege, blir det sendt ut til quiltelag vi kjenner til på Vestlandet, og dei blir lagt ut her på bloggen slik at andre også får tak i kursoversikten og korleis melde seg på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar