mandag 11. mai 2015

Butikkar på treffet!

Det vert 5 butikkar på treffet vårt, så det skal bli god moglegheit til å "snope" litt stoff og utstyr. Butikkane har også mange inspirerande modellar, mønster og du får gode råd!

Desse butikkane har takka ja til invitasjonen vår:

Northern Quilts frå Steinkjer, godt kjend som ein svært inspirerande nettbutikk med blogg. Wenche Wolff Hatling er eigar og ho er også foredragsholdar fredag kveld.

Trapp ned frå Førde kjem med sin butikk. Butikken ligg midt i sentrum og har eit godt utval av stoff, modellar og utstyr.

Sølvi quiltestudio held til i Tjørvåg i Herøy og driv profesjonelt quilting med longarmmaskin. Ho sel også flotte stoff og du får sjå kva moglegheiter det finst av ulike mønster og bakgrunnsstoff til store quiltar.
Lappestua-Eid er lokal butikk frå Nordfjordeid. Her finn du eit stort utval av eigenimporterte stoff og godt utval av mønster, bøker og utstyr. Er forhandlar av Janome symaskiner.

Primula Design er lokal butikk frå Nordfjordeid. Butikken er har eit stort utval av flotte stoff og har mange ferdige modellar til mønster. Godt utval av utstyr og mønster og er forhandlar av Bernina symaskiner.

Butikkane vil være opne så lenge arrangementet går føre seg. Vi har ikkje inngangspengar til området, så om det er nokon som er interesserte i å besøkje oss utan å gå på kurs, så er dei velkomne til ein god handel i eit inspirerande miljø.

Vi vil også ha kafè på området med sal av kaker og kaffi/te, den er også open for alle!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar