onsdag 27. mai 2015

Sylvi og Kari!

I desse dagar har abonnentar til bladet "MyQuilt" motteke nytt blad! Og som alltid er der mange gode mønster og idear å finne.

Dette nr. av bladet skuffa heller ikkje, for her dukka det opp både mønster og omtale av to kreative quiltedamer som skal være kursholdarar på Vestlandstreffet!!


Kari Renolen er å finne på kurs nr. 7 der ho skal ha veskekurs. Veska på bildet over her, finn du mønster til i bladet.  Kari er ansvarleg redaktør av "MyQuilt", og i bladet er det også mønster ho har laga til både løpar, mobiletui og småvesker. Vi gleder oss til at Kari skal komme og inspirere kursdeltakarane våre, her vert det sikkert mykje å lære!


 På side 39 i bladet finn du ein flott artikkel om Sylvi Ruud. Denne kreative dama jobbar som møbeltapetserer i Brummunddal, og er ein populær kursholdar for quiltelag og foreningar.
Sylvi er å finne på kurs nr. 8 på Vestlandstreff, ho skal også ha veskekurs der ho lærer frå seg mange gode tips til "den perfekte veska"!


Det er enno ledige plassar på kursa til Kari og Sylvi, ta ein kikk i bladet MyQuilt og sjå kor mykje fint desse damene skaper. Og er du ikkje abonnent, så bør du vurdere å bli det!
Facebookside til MyQuilt finn du HER. Gjer merksam på at bilda av desse veskene ikkje er direkte knytte til kursa dei skal ha, dei illustrerer kor kreative desse damene er. Det er berre å gle seg til kurs!
Minner om påmeldingsfristen som er 15. juni!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar