tirsdag 30. juni 2015

INFO!

(kurs 6, Liv Ingunn Holvik)

No er faktura sendt ut på epost/brev til alle påmelde til foredrag, kurs og måltida. Vi ber om at alle må sjekke dette:

  • Er namnet ditt rett?
  • Er du sett opp på rett kurs?
  • Er alle måltida du har bestilt med?
  • Betaling: Husk å merke innbetalinga med namnet ditt!! Betalingsfrist 1.august.
For å rette evt. feil, ta kontakt med ansvarleg for påmelding, Anita Knapskog, epost anita.knapskog@hotmail.no

Om du ikkje har fått epost (brev er sendt til dei som ikkje har oppgitt epostadr.) om at du er påmeldt til Vestlandstreffet, MÅ du no ta kontakt så vi får retta opp dette!

(illustrerer teknikken til kurs 11, Vigdis Månsson)

Den offisielle påmeldingsfristen er no ute, men sidan det framleis er ledige plassar på alle kursa, så tek vi imot påmeldingar vidare framover. 
Vi skal også prøve å svare på spørsmål så fort vi kan, men det er ferietid, så det kan ta litt tid!

God sommar til alle!


fredag 19. juni 2015

Infoen om treffet!

Om du treng å sjå over innholdet til Vestlandstreffet, kurs, program mm. så finn du heile invitasjonen på DETTE innlegget frå Mai.

( bildet viser teknikken til kurs 11, men er ikkje laga av kursholdar. Er henta frå internett)

Har du spørsmål om Vestlandstreff, kan du sende epost til bloggred. eller ansvarleg for påmelding, Du finn adr. på høgresida på bloggen under "Kontakt oss".
Du kan også sende PM på Facebooksida vår.

søndag 14. juni 2015

Oppsummering av kursa!

Dei fleste har no meldt seg på dei kursa dei ynskjer, og i morgon går fristen ut for påmeldingane. Å velje seg ut kurs blant så mange som ein gjerne vil gå på, er eit vanskeleg val. Og kanskje er det slik at nokre ventar heilt til sist,...heilt til ein må gjere eit val!
( kurs nr. 9)


Her er kanskje ei lita hjelp til nokre, ei kort oversikt over det vi tilbyr. Og som de ser, så kan de om de planlegg nøye, gå på kurs med opp til fleire av kursholdarane!!

2-dagars kurs:


  • Kurs 5: Frøydis Myhre
  • Kurs 6: Liv Ingunn Holvik
  • Kurs 8: Sylvi Ruud
  • Kurs 10: Patricia Iden
  • Kurs 11: Vigdis Hovden Månsson
( Kurs nr. 6)

1-dags kurs som kan kombinerast med andre av 1-dagskursa eller 1-2 av kortkursa:

  • Kurs 1: Ingeborg Strupstad
  • Kurs 4: Mona Rosvold Bauge
  • Kurs 7: Kari Renolen
  • Kurs 9: Randi Røys

Kortkurs 3 og 4 timar som kan kombinerast med andre kortkurs eller 1-dagskurs:

  • Kurs 2: Anne Pia Godske Rasmussen
  • Kurs 3: Tamara Schultz
 (kurs nr. 3)

Vi har også eit "Drop-in-kurs" utan påmelding, ei stjerneblokk i maskinsaum.

Velkommen til kjekke kursdagar på Nordfjordeid i oktober!

lørdag 13. juni 2015

Mona og Patricia!

Dei som no har meldt seg på kurs med desse to damene, kan berre glede seg til lærerike dagar. Dei kan sine ting både når det gjeld stoff, fargar og teknikk, men også teknikken og mulighetene som ligg i ei symaskin!

Mona syr på Pfaff og har hatt sal av symaskiner tidlegare (Quiltekroken i Bergen). No er ho på laget til Tonje Brodering på Kalandseidet og sel både Pfaff og Husqvarna. Her er klipp frå Mona si heimeside:
Jeg selger symaskin hos Tonje Brodering og er autorisert til å selge også de største kombinerte sy- og broderimaskinene. Kjøp Pfaff eller Husqvarna hos meg, og jeg supporter deg med veiledning pr tlf eller mail når du trenger det!  Jeg har også opplæringshelger, og det går fint an å komme...




Mona skal ha to dagskurs på Vestlandstreff, Toalettveske etter Monas mønster og Oldemorsruter. Det blir garantert to kjekke og lærerike dagar, for Mona er formingslærar og ein dyktig pedagog.

Patricia er kjend som ein utruleg flink kursholdar på mange vis, så populær at det er svært fulle kurs! Helga etter Vestlandstreff skal ho ha kurs hos Tonje Brodering og på nettsida deira står det at der er det venteliste!!


Patricia er kjend som ekspert på Janome og ho lærer frå seg svært mykje om bruk av sting, tråd og innstillingar. Men kan generelt mykje om symaskiner, så har du eit anna merke, så er du garantert god hjelp.


Kursmodellen heiter "Japansk landsby", her får du nytte applikasjon, deretter er det fokus på dekorative saumar som gjev effekter i bildet. Om du ikkje har gått på kurs med Patricia før, så blir du nok gledeleg overraska over den høge kvaliteten på det ho lærer frå seg!

HER er link til info om påmeldinga.
Velkommen til dei gode kursa til desse to damene frå Vestlandet!

fredag 12. juni 2015

Kortkursa med Anne Pia!

Anne Pia har tre kortkurs på Vestlandstreffet, tre ulike men kjekke kurs. Desse kursa passar for dei som ikkje vil bruke heile helga til kurs, men likevel få med seg litt. Men ein kan også gå berre med Anne Pia,...alle tre kursa og få lære litt av alle teknikkane ho kan, eller kombinere med andre kurs!

























Det er nyttige bruksting du kan lage på kursa hennar, Nålepute, Lommebok og Kuvertbrikke er alle ting som vi brukar til kvardags, og du kan rekne med å verte ferdig med arbeidet i løpet av kurstida.

Anne Pia har gitt ut mange bøker , den på bildet over har også inspirert til å lage nåleputer. På bloggen til Olavas Verden er denne søte blomsternåleputa lagt ut. På eine kurset får du lage to ulike nåleputer, begge laga av kvadrat, ....artige modellar og så fine at du kan ha dei på utstilling!!
Nåleputer er kurs 2A!
Kuvertbrikke med fletta bakside er eitt av kursa, viser til bildet øverst, men dette vil bli ei heilt spesiell brikke med flotte effektar i både teknikk og quilting. Dette er kurs 2C!

Lommebok, ein enkel og god modell! I ei slik lommmebok kan du ha med deg "Alt-i-ett", for her har du plass til både penger, kort og mobilen!! Dette er kurs 2B!

Det er ledige plassar på kursa til Anne Pia, HER er link til info om påmelding!

Frøydis Myhres kurs!

Om du er ein av dei som no har meldt deg på kurs med Frøydis Myhre, så kan du berre glede deg til to herlige dagar. Frøydis er ein utruleg kunstnar med stoff og har laga tekstilarbeid med både konkrete og abstrakte motiv. Ho inspirerer deg til å utvikle deg i stoffhaugen, og enkle motiv kan bli reine kunstverka!
Ansiktsutsnitt av bildet under. 





Alle bilda er henta frå heimesida hennar, Frøyadesign, der ho har bildegalleri, HER kjem du rett til sida.
HER er link til innlegget om Frøydis i januar, og HER er link til info om påmelding.

Om du ikkje har meldt deg på enno, så har vi framleis nokre ledige plassar. Tek forbehold om evt. påmeldingar som har kome siste  døgnet, for vi har merka stor auke i påmeldigane no like før fristen går ut komande måndag 15.6.

torsdag 11. juni 2015

Vigdis skal lære oss bretteteknikk!

Den "Meksikanske bretteteknikken" som Vigdis Hovden Månsson skal lære oss, er ein spennande teknikk.
















Ved å brette saman ulike fargar og dekor, så vert resultatet ei overflate med flott effekt!  Bretta remser blir sydd saman til den storleiken som ein treng. Bildet over  er er selskapsveske som Vigdis har laga, (bilder frå Røa Quiltelag) og den under er  laga av medlem Tove i Follo quiltelag.


Her er dei laga som små selskapsvesker

Veskene kan ha glidelås, nokre har hempe i enden til handleddveske, eller ordinære hankar. Det vert heilt spesielle ting som vert laga på dette kurset, og teknikken er mykje brukt på kurs her i landet men også utanlands. På Pinterest er det ofte samla saman bilder av teknikken, HER er ei slik side.

Gjer merksam på at alle bilda utanom det øverste, ikkje er knytt til Vigdis sitt kurs og er henta ved søk på nettet.




Alt dette kan like godt lagast i stoffremser, på sida til AnneQuilt er det lagt ut desse tre bilda under. Små vesker/posar av Balistoff gjev nydelege fargar.





Slik det ser ut no, så har vi enno ledige plassar på dette kurset. Kurset går over to dagar, og du kjem nok til å ha eit ferdig og heilt unikt produkt når du reiser heimatt frå treffet søndagen!

Treng du info om påmeldinga, så finn du det HER.

onsdag 10. juni 2015

Tamaras kurs for den kreative!

Svenske Tamara Schultz er dama som skal lære oss å være endå meir kreative innan quilting. Ho er er frå USA, bur no i Sverige og har ArtQuilt som sin spesialitet. Du finn henne under Kurs 3 på Invitasjonen. Mange av oss som har drive med quilting ei stund, har behov for å utvikle oss vidare, enten med eit reint kunstnarleg uttrykk eller med eit kreativt innslag i ein "vanleg" quilt for å gje den særpreg. Då er Tamara kanskje den som kan gje deg inspirasjon!


Ho er erfaren innan svært mange teknikkar som er litt annleis enn vanleg quilting. Ho kombininerer stofftyper, tekstur, sting, broderi, band, maling og eit "hav" av andre effekter. 

Vi har lagt opp til 3 småkurs der du får prøve ut forskjellige teknikkar, alt frå handsaum til kreativ bruk av symaskina sine saumar!

Ved å kikke på bilda som ligg på Facebooksida hennar, så finn ein veldig mange flotte bilder som vi kan knytte til kursa våre.

Kurset "Lux kudda" laurdag er eit kurs der ein syr sammen flotte stoff, brukar tråd og sting som effektar, kuttar opp og set saman til nydelige små blokker. "Kudda" er svensk og betyr pute, men her kan blokkene brukast til mykje meir enn puter! Du kan ha dei som innslag på ei veske (kanskje kan du gå eit kurs søndagen der du brukar denne på ei veske???), du kan bruke det til brikke, løpar eller festremse, du kan til og med lage ditt eige kunstverk og ramme det inn!!

Tamara held til i Malmø i Sverige, der har ho hatt ArtQuiltgrupper med kurs i denne teknikken. Bilda er lånt frå Facebooksida hennar, og er av arbeid som er laga i samband med kurs. Bilda viser også litt av framgangsmåten. Her sit ein og puslar bitane sammen, og ved å vri litt på dei så får ein nye motiv. Nesten som i eit kaleidioskop!! Nyt alle desse nydeleg samansette stoffa og bruken av sting og effekttråd! 








 "Raw edge teacup" er kurset som går søndagen. "Raw egde" betyr enkelt oversett "rå kant"som betyr at sårkantane på stoffet viser! HER er ein tutorial til teknikken (funne på sida Niikkiinstitches.com)

Kurset "Crazy børs" laurdag formiddag er eit handsaumkurs der du får lære mange teknikkar. Arbeidet vert til slutt sett sammen til eit lite "etui". Kurset passar godt for den som gjerne vil lære noko nytt på Vestlandstreffet, men ikkje vil dra med seg symaskin!!

HER er innlegget som vart laga om Tamara i januar.

Det er framleis ledige plassar på desse kursa, så nytt høvet til å lære deg nye teknikkar!

tirsdag 9. juni 2015

Liv Ingunns gode dongeryveske!

Vi er veldig glade for at vi kan setje i gang kurset "Dongeryveske" med Liv Ingunn Holvik,. Vi har hatt dette kurset i klubben vår med stor suksess og det er blitt sydd fleire slike vesker i etterkant av kurset. Det er forsatt ledige plassar på kurset, så er du framleis i tvil om val av kurs, bør du ta ein kikk på bilda her! Kurset er nr 6 og her er også innlegget frå 14.1.15. Påmeldingsfrist er 15.6.
HER er info om påmelding og HER er innlegget om invitasjonen til Vestlandstreffet.

Modellen er ein akkurat passe størrelse til å ha med seg til dei fleste anledningar, og den er god som skulderveske om ein har litt lange reimar.


Det flotte med denne veska er at her får du brukt opp dei dongerybuksene som berre ligg til inga nytte, enten der er slitasje på dei eller at den ikkje passar i størrelse lenger! 
 Her er dei originale bukselommene brukte slik det er, litt ekstra pynt kan setjast på, og med litt kontrastfargar i stoff, lagar du den unike veska! Og ekte slitasje på stoffet gjer den endå meir spesiell!

På kurset vi hadde, var det også nokre som hadde kjøpt heilt nye bukser på salg/ bruktbutikk, ukurante størrelsar vert ofte selde til svært lave prisar. Og på slike litt ukurante bukser er det ofte ekstra dekor som flotte broderi og anna pynt som passar perfekt på ei veske.

Det er også godt å ha ei veske som du ikkje treng å være så redd for,..denne tåler røff bruk og blir berre finare og finare dess meir slitasje den får!!

Under her er det bilder frå kurset som vi hadde i klubben vår i fjor,...heilt imponerande at desse veskene er laga av bukser!! Gjenbruk er godt miljøarbeid og buksene kan vel ikkje gjenbrukast bedre enn dette??










Denne veska er laga av ei gammal arva skinnkåpe i eksklusivt skinn, men når den berre heng i eit skap og ikkje kan brukast, så er det bedre at den får eit nytt liv!! Nydeleg for som står i stil til kvaliteten!

Her er ei heilt enkel veske laga av ulike fargar av dongerystoff. Flott effekt!


Då ynskjer vi lykke til med eit kjekt kurs!!