tirsdag 9. juni 2015

Liv Ingunns gode dongeryveske!

Vi er veldig glade for at vi kan setje i gang kurset "Dongeryveske" med Liv Ingunn Holvik,. Vi har hatt dette kurset i klubben vår med stor suksess og det er blitt sydd fleire slike vesker i etterkant av kurset. Det er forsatt ledige plassar på kurset, så er du framleis i tvil om val av kurs, bør du ta ein kikk på bilda her! Kurset er nr 6 og her er også innlegget frå 14.1.15. Påmeldingsfrist er 15.6.
HER er info om påmelding og HER er innlegget om invitasjonen til Vestlandstreffet.

Modellen er ein akkurat passe størrelse til å ha med seg til dei fleste anledningar, og den er god som skulderveske om ein har litt lange reimar.


Det flotte med denne veska er at her får du brukt opp dei dongerybuksene som berre ligg til inga nytte, enten der er slitasje på dei eller at den ikkje passar i størrelse lenger! 
 Her er dei originale bukselommene brukte slik det er, litt ekstra pynt kan setjast på, og med litt kontrastfargar i stoff, lagar du den unike veska! Og ekte slitasje på stoffet gjer den endå meir spesiell!

På kurset vi hadde, var det også nokre som hadde kjøpt heilt nye bukser på salg/ bruktbutikk, ukurante størrelsar vert ofte selde til svært lave prisar. Og på slike litt ukurante bukser er det ofte ekstra dekor som flotte broderi og anna pynt som passar perfekt på ei veske.

Det er også godt å ha ei veske som du ikkje treng å være så redd for,..denne tåler røff bruk og blir berre finare og finare dess meir slitasje den får!!

Under her er det bilder frå kurset som vi hadde i klubben vår i fjor,...heilt imponerande at desse veskene er laga av bukser!! Gjenbruk er godt miljøarbeid og buksene kan vel ikkje gjenbrukast bedre enn dette??










Denne veska er laga av ei gammal arva skinnkåpe i eksklusivt skinn, men når den berre heng i eit skap og ikkje kan brukast, så er det bedre at den får eit nytt liv!! Nydeleg for som står i stil til kvaliteten!

Her er ei heilt enkel veske laga av ulike fargar av dongerystoff. Flott effekt!


Då ynskjer vi lykke til med eit kjekt kurs!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar