onsdag 3. juni 2015

Randi Røys!

Siste helga i mai hadde Nordfjord Lappe og Quilteklubb "Jubileumskurs" med Randi Røys. Dette er det same kurset som ho skal ha på Vestlandstreffet.

Kursmodellen hennar er bygd opp av ein basisbakgrunn som kan brukast til 4 årstider. På invitasjonen er "Haust" vald som aktuell modell for årstida vi er i då, medan vi på kurset no valde å sy "Sommar".

Det er laga eit kompendie til kurset, der vil ein finne modellar til alle fire årstidene, og ein kan sjølvsagt sy den årstida ein ynskjer.

Her er modellen "Haust".

Vi var heile 28 deltakarar på kurset med Randi, og bildet under viser mange av quiltane som vart laga. Her ser ein at modellen er brukt både til veggoppheng og til løpar.


Om du vil sjå innlegget om kurset på bloggen vår, så finn du det HER!

Minner også om at det er påmeldingsfrist 15. juni! Det nærmar seg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar