onsdag 30. september 2015

Kursinfo!

I morgon er det oktober og det er berre 16 dagar til vi møtest! Mange har meldt seg på dei flotte kursa vi arrangerer, i alt 17 kurs vil det bli desse dagane. I tillegg vil vi ha "Drop-in-kurs" både laurdag og søndag. Info om desse kjem i eit anna innlegg.

Det er gjort ei endring på oppsett kursliste: Kurs nr. 9 med Randi Røys vil no gå berre søndag 18.10. Dei som var påmelde laurdagen er informerte og er flytta til søndag. Vi har fått spørsmål om det på dette kurset er mogleg å få sy den flotte "Stokkrose-løparen", og etter å ha kontakta kursholdar, så har vi fått bekrefta dette.

 Denne løparen har ei stokkrose som går over heile lengda på løparen, og den kan like gjerne brukast som eit veggoppheng.

Kurset startar med å sy ein basisløpar etter eit mønster, deretter applikerer ein på motiv. Det er mange som har sydd denne løparen med rosemotiv, og Randi har laga ei mønstersamling der ein kan ha ulike motiv tilpassa alle årstider. Om ein vil ha eit eige motiv, er dert sjølvsagt høve til å ta med det. Randi er erfaren med applikasjon og fargeval, så her får du lære lure triks til å få eit flott resultat.
Om nokon no vil melde seg på dette kurset i siste liten, så er her nokre ledige plassar! Ta då kontakt på epost snarast til Anita Knapskog  på epost: anita.knapskog@hotmail.no 


fredag 18. september 2015

Populære "Veskedamer"!!

Det er kjekt å sjå flotte innlegg i ulike media av 3 av våre kursholdarar! Og dei er alle det vi kan kalle "Veskedamer"!

I siste utgåve av MyQuilt som kom denne veka, har Kari Renolen mønster og flotte bilder av denne veska! Knallfin og praktisk!

Vi skal ha populære Vigdis H. Månsson som kursholdar, og vi kan igjen sjå at ho er engasjert som kursholdar på eit stort arrangement. Til våren skal ho ha same kurs som vi skal ha, på årsmøtet til Norsk Quilteforbund i Trondheim. Har du ikkje anledning å gå på kurset då, ( på heimesida til NQF står det at 3 av kursa er snart fullbooka!) så har vi ledig plass hos oss enno!!

(bildet er frå siste medlemsblad til NQF)

På Facebook under gruppa "Quiltesiden" har Sylvi Ruud lagt ut bilde av ei utruleg flott veske IGJEN! Utruleg kva denne dama får til! Ho har fått veldig mykje positiv respons på denne veska,...ikkje rart det, for den er både kjempefin og praktisk!

Vi har enno ledige plassar på dei fleste kursa, så om du ikkje er påmeldt enno, så har du framleis mulighet til å bli med. Kontakt då anita.knapskog@hotmail.no

søndag 6. september 2015

Gode tilbod under Vestlandstreff!

Vi er så heldige å ha to quiltebutikkar på Nordfjordeid; Lappestua-Eid og Primula Design, og begge innehavarane er medlemmar i klubben vår og sel symaskiner! Lappestua-Eid sel Janome og Primula Design sel Bernina.

Dei vil sjølvsagt ha stand under treffet, men dei kjem også med svært gode tilbod i forkant. Tilbod som kan være lurt å vurdere om du td. planlegg å kjøpe symaskin.

Her er tilbod på Janome som Lappestua-Eid presenterer og teksten i innlegget er skriven av innehaver Siv:

Eksklusivt tilbod på symaskiner til deltakere på Vestlandstreffet:



DEN PERFEKTE KURS-MASKINA:
Decor Computer 2030 . Treffpris Kr 3775,- (Ordinær pris kr 4195,- )
Dessuten får du med
Applikasjonsfot F2, 1/4inch-fot O, overtransportør og åpen frihands-quiltefot, – til en verdi av ca kr 1100,-.
• Liten med lav vekt, perfekt kurs- og reisemaskin
• Sy- og kursmaskin (gruppe 3)
• 30 sømmer inkl. 3 stk ett-trinns knappehull
• 7 mm brede sømmer
• Enhånds trådkutter
• Syhastighet 820 sting pr minutt
• SFS Plus undertransportørsystem
• 5 års fullgaranti
 
 
Dessutan kan eg tilby maskinene som er brukt under Symesterskapet på TV til ekstra lav treffpris :
 

Decor Computer 6030.   Treffpris kr 6000,-  (Ordinærpris 7395,-)
Dessutan får du med
Snorfot, bandguidefot, flower stitcher, perlefotsett og
glidefot.
(Verdi: 1.000,-)
• Sy- og hobbymaskin, elektronisk (gruppe 3)
• 30 sømmer inkl. 3 stk ett-trinns knapphull
• 7 mm brede sømmer
• Syhastighet 820 sting pr minutt
• Enhånds nål-i-treder
• Trådklipp
• SFS Plus undertransportørsystem
• Inkl. sybord og hard koffert
• Liten med lav vekt, perfekt kurs- og reisemaskin
• 5 års fullgaranti
 
 

My Lock 644D. Treffpris 4800,- (Ordinærpris kr 5495,-)
Dessutan får du med
Perlefotsett, syguide, usynlig faldefot, bisefot 1/8”
og 3/16”.
(Verdi: 1.000,-)
• Overlockmaskin, 4 tråders
• Flatlock, rullorsøm og rynkesøm
• Syr 2-, 3- og 4-tråders sømmer
• Senkbar kniv
• Differensialtransport fra 0,5 – 2,25
• Hurtigtreing av undergriperen
• Oppsamlerboks for avklipp integrert
• Nål-i-treder medfølger
• Instruksjons CD
• 5 års fullgaranti
 
My Lock 644D
5.495,
 
 

lørdag 5. september 2015

Ein liten titt......

Vi har jobba med førebuingar til treffet ei god stund no, og det er mange "delar" som skal på plass. No er nokre av resultata byrja å komme på bordet!

På medlemsmøtet no i veka vart det levert inn fleire flotte toalettvesker som skal bli gevinstar i lotteriet vårt. Om der er noko oppi......., det får den heldige vinnaren sjå!



Vi er svært glade for så god påmelding til kursa at alle annonserte kursholdarar kjem!!

Det er likevel ledige plassar på nesten alle kursa, så om nokon framleis er i "tenkeboksen", kan de kontakte ansvarleg for påmelding anita.knapskog@hotmail.no