fredag 18. september 2015

Populære "Veskedamer"!!

Det er kjekt å sjå flotte innlegg i ulike media av 3 av våre kursholdarar! Og dei er alle det vi kan kalle "Veskedamer"!

I siste utgåve av MyQuilt som kom denne veka, har Kari Renolen mønster og flotte bilder av denne veska! Knallfin og praktisk!

Vi skal ha populære Vigdis H. Månsson som kursholdar, og vi kan igjen sjå at ho er engasjert som kursholdar på eit stort arrangement. Til våren skal ho ha same kurs som vi skal ha, på årsmøtet til Norsk Quilteforbund i Trondheim. Har du ikkje anledning å gå på kurset då, ( på heimesida til NQF står det at 3 av kursa er snart fullbooka!) så har vi ledig plass hos oss enno!!

(bildet er frå siste medlemsblad til NQF)

På Facebook under gruppa "Quiltesiden" har Sylvi Ruud lagt ut bilde av ei utruleg flott veske IGJEN! Utruleg kva denne dama får til! Ho har fått veldig mykje positiv respons på denne veska,...ikkje rart det, for den er både kjempefin og praktisk!

Vi har enno ledige plassar på dei fleste kursa, så om du ikkje er påmeldt enno, så har du framleis mulighet til å bli med. Kontakt då anita.knapskog@hotmail.no

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar