torsdag 15. oktober 2015

Drop-in kurs!

Heilt på tampen no presenterer vi "Drop-in"-kursa.

Vi vil ha "Drop-in" både laurdag og søndag, to ulike kurs. Dette passar godt for dei som ikkje har meldt seg på kurs, men som no ser at det hadde no vore kjekt likevel då........ Det passar også godt som eit ekstrakurs som kan kombinerast om du går dagskurs eller eitt av dei andre korte kursa.

Kursa er lagt til eit eige rom, vi stiller med nokre symaskiner og litt utstyr, men ta gjerne med ditt eige om du har. Du treng inchfot!

Kursa kostar kr 150, då er det inkludert både mønster og materialpakke. Det varer ca 1-1,5 time. Kursa er opne 9.15-16 laurdag og 9-15  søndag, men er lunsjstengde.
Begge kursholdarane er medlemmar i arrangørklubben.

Laurdag:

Kurset har vi kalla "Tryll med ei blokk" og er ved kursleiar Laila U. Piel. Blokka er ei såkalla "forsvinningsblokk" der det er du sjølv som tryllar fram nytt mønster! Bilda under er av medlemmane i klubben sine arbeid med denne teknikken.







Søndag:
Dette kurset er kalla "Dresden mug-rug eller serviett" og er ved Mariann L. Hatlenes.

Du får lære å sy den kjende "Dresden-plate" på ein enkel måte. Det er maskinsaum, og ferdiggjering og quilting for hand.

Mug-rug er kjend som den vesle koppeservietten du har på bordet. Om du lagar fleire i ein serie, kan dei i lag fungere som ein borddekorasjon i staden for ein løpar. Du kan plassere dei ulikt og få flotte uttrykk!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar