søndag 18. oktober 2015

Ein flott festmiddag!

Vi hadde ein flott festmiddag på mange vis laurdag kveld.


 Hotellet hadde dekka nydeleg i den flotte storsalen, og 150 quiltedamer sette seg etter kvart til bords. To flotte quiltesongar var skrive av medlem Signy-Alise Kvitnes Halle. HER finn du songane.



 Eit fantastisk kake og dessertbord stod klart og venta på oss då vi kom!
...og rikeleg med gode rettar å velje mellom  frå koldtbordet!

 To unge og lovande pianistar frå Eid underheldt oss med musikkstykker av Grieg og Scott Joplin.

Vi hadde invitert Turid Bakken frå Ulsteinvik til å vise fram nokre av arbeida sine. Ho driv med handsaum av hexagon, starta med litt store hexagon.....


og har prøvd seg på mindre og mindre, heilt ned til malar på 1/4 inch som på dei to bilda under her.




 Her er det ein kombinasjon av heile og halve hexagon.






 Dette er det store arbeidet ho held på med no, La Passion, her er det over 5000 små bitar hittil.....og det manglar fleire tusen. Mønsteret er laga av ei tysk dame og dei er over hundre rundt om i utlandet som held på med akkurat dette teppet, men med kvar sine fargar. Nokre av dei møttest i år, men i mai neste år reiser Turid til Tyskland for å møte dei. Artig prosjekt, og Turid sa at ein ikkje kjenner til at akkurat så mange jobbar med same mønsteret samtidig og har kontakt med kvarandre. Dette må då kvalifisere til ein plass i Guinness rekordbok??
 Turid har bloggen Den syende himmel, der er det også link til Facebook-gruppa for desse damene som syr i lag. Følg med dei i prosessen vidare! (legg ut adressa til FB når eg får tak i den)
 Som takk for foredraget, fekk Turid meir stoff til å sy hexagon av......ein stoffbukett!

 Vis og fortel frå ein deltakar frå Rogaland (namnet kjem seinare), her viser ho juletreteppe med familiebilder! Ein kjempegod ide!

 Eit fellesprosjekt i klubben ho er med i, medlemmane fekk utdelt stoff for å sy ei blokk i ein spesiell farge! Alle produkta vart samla i ei fotobok! Lur ide`



 Mona R. Bauges kurs oldemorsruter viste det dei hadde sydd på kurset laurdagen. Desse to øverste bilda er Monas modell.




Takk til medlemmane våre som hadde pynta hotellet veldig fint med dukar, brikker og utstilling av toalettvesker!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar