fredag 16. oktober 2015

Velkommen til Nordfjordeid!

Dagen for avspark av årets Vestlandstreff, - den store Quiltefestivalen på Vestlandet, er endeleg komen!

Vi i Nordfjord Lappe- og Quilteklubb har jobba lenge for å få til eit variert og best mogleg arrangement. Vi har også gleda oss like lenge til å få samla så mykje læring, inspirasjon og inntrykk på ein plass.

Det er flotte vermeldingar for denne helga, noko som gjer det kjekt og triveleg å reise til vakre Nordfjord.

Vi ynskjer dykk alle ei flott reise og hjerteleg velkomne til oss!

(bildet er frå Fjord Norway, landskapet er litt "manipulert" )

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar