onsdag 27. mai 2015

Sylvi og Kari!

I desse dagar har abonnentar til bladet "MyQuilt" motteke nytt blad! Og som alltid er der mange gode mønster og idear å finne.

Dette nr. av bladet skuffa heller ikkje, for her dukka det opp både mønster og omtale av to kreative quiltedamer som skal være kursholdarar på Vestlandstreffet!!


Kari Renolen er å finne på kurs nr. 7 der ho skal ha veskekurs. Veska på bildet over her, finn du mønster til i bladet.  Kari er ansvarleg redaktør av "MyQuilt", og i bladet er det også mønster ho har laga til både løpar, mobiletui og småvesker. Vi gleder oss til at Kari skal komme og inspirere kursdeltakarane våre, her vert det sikkert mykje å lære!


 På side 39 i bladet finn du ein flott artikkel om Sylvi Ruud. Denne kreative dama jobbar som møbeltapetserer i Brummunddal, og er ein populær kursholdar for quiltelag og foreningar.
Sylvi er å finne på kurs nr. 8 på Vestlandstreff, ho skal også ha veskekurs der ho lærer frå seg mange gode tips til "den perfekte veska"!


Det er enno ledige plassar på kursa til Kari og Sylvi, ta ein kikk i bladet MyQuilt og sjå kor mykje fint desse damene skaper. Og er du ikkje abonnent, så bør du vurdere å bli det!
Facebookside til MyQuilt finn du HER. Gjer merksam på at bilda av desse veskene ikkje er direkte knytte til kursa dei skal ha, dei illustrerer kor kreative desse damene er. Det er berre å gle seg til kurs!
Minner om påmeldingsfristen som er 15. juni!

lørdag 16. mai 2015

Meir info om eit kurs?

I desse tider er det nok mange som lurer på kva for eit kurs ein skal melde seg på, for det er alltid noko ein har lyst til å lære meir om.  Ein vil ofte gjere to ting samtidig!! Av erfaring så veit vi at vi lærer og opplever mykje meir enn det ein kan lese seg til i kursomtalen.

Dette bildet er knytt til Tamara Schultz.

Så er du i tvil bør du rulle litt tilbake i innlegga i bloggen her  for å lese meir om kursholdaren. Der er det også fleire bilder av quiltar/quilta ting knytt til kurshaldaren.

Nokre har kurshaldarane har vi også hatt kurs med i klubben vår, td. Liv Ingun Holvik som skal ha kurset om ei "snerta dongeryveske" (bildet under er frå eit blogginnlegg til NLQ Photo, 1.5.14). Link til bloggen med bilder frå kurset finn du på blogginnlegget  frå 14. januar.

Vil også minne om at dersom nokon treng meir info/bilder knytt til innhold av kursa/kursholdar, så er det berre å ta kontakt her:

Kursansvarleg Ingun Vaksdal tlf 99482474  eller på epost til
Bloggred.   Mariann Hatlenes  hatlene@online.no

Du kan også skrive melding PM eller på innlegga, så skal du få eit svar.

Lykke til med påmeldinga!


Ynskjer alle ein flott 17. mai!!  


onsdag 13. mai 2015

Påmeldinga til kursa er i gang!

Det strøymer no på med påmeldingar til kursa, og vi minner om at det er "først til mølla" som gjeld. Det er kome påmeldingar til alle kursa, men vi har framleis ledige plassar.

Det kan være lurt å melde seg på i god tid før påmeldingsfristen som er 15.6, husk å setje opp alternativt kurs om du har det.

Om nokon treng meir info om noko, så svarar vi så godt vi kan på epost eller via Facebook.

tirsdag 12. mai 2015

Leige av symaskin!

Vi har gjort avtale med våre to lokale quiltebutikkar om å stille med nokre symaskiner til utleige. Det er eit begrensa antal dei leiger ut, så om du treng å leige ei maskin, bør du ta kontakt direkte på telefon med ein av dei snarast. Gje også beskjed om kva type trykkfot du har bruk for.

Leige av maskin er sett til kr 100 pr. dag. Dette er same pris hos begge butikkane.


Lappestua-Eid har Janome, tlf.nr : 91531479


Primula Design har Bernina, tlf.nr: 99482474


mandag 11. mai 2015

Butikkar på treffet!

Det vert 5 butikkar på treffet vårt, så det skal bli god moglegheit til å "snope" litt stoff og utstyr. Butikkane har også mange inspirerande modellar, mønster og du får gode råd!

Desse butikkane har takka ja til invitasjonen vår:

Northern Quilts frå Steinkjer, godt kjend som ein svært inspirerande nettbutikk med blogg. Wenche Wolff Hatling er eigar og ho er også foredragsholdar fredag kveld.

Trapp ned frå Førde kjem med sin butikk. Butikken ligg midt i sentrum og har eit godt utval av stoff, modellar og utstyr.

Sølvi quiltestudio held til i Tjørvåg i Herøy og driv profesjonelt quilting med longarmmaskin. Ho sel også flotte stoff og du får sjå kva moglegheiter det finst av ulike mønster og bakgrunnsstoff til store quiltar.
Lappestua-Eid er lokal butikk frå Nordfjordeid. Her finn du eit stort utval av eigenimporterte stoff og godt utval av mønster, bøker og utstyr. Er forhandlar av Janome symaskiner.

Primula Design er lokal butikk frå Nordfjordeid. Butikken er har eit stort utval av flotte stoff og har mange ferdige modellar til mønster. Godt utval av utstyr og mønster og er forhandlar av Bernina symaskiner.

Butikkane vil være opne så lenge arrangementet går føre seg. Vi har ikkje inngangspengar til området, så om det er nokon som er interesserte i å besøkje oss utan å gå på kurs, så er dei velkomne til ein god handel i eit inspirerande miljø.

Vi vil også ha kafè på området med sal av kaker og kaffi/te, den er også open for alle!

torsdag 7. mai 2015

OBS! OBS!

Ved ein feil i dag ettermiddag, så vart to epostar med påmelding sletta!!

Kan dei som har meldt seg på pr epost sende inn namnet sitt til ansvarleg for påmelding så ho får sjå kven ho manglar på lista si?

anita.knapskog@hotmail.no


OPPDATERING 8.5

Vi har no fått tak i dei to damene/epostane vi mangla!! 


onsdag 6. mai 2015

Info om måltida!

På påmeldingsskjemaet står det oppgitt info om måltida vi serverer og prisar. Alle måltid utanom festmiddagen, vert servert nær kurslokala i Eid Ungdomsskule. Vi har leigd inn profesjonell kokk som lagar til måltida.


Når vi arrangerer store treff, vil det som regel være nokon med ulike matallergiar. Vi ber difor om at dei som treng å vite at dei får mat dei tåler, tek kontakt med ansvarleg for påmelding på epost. Gje då info om det vi må ta omsyn til.
anita.knapskog@hotmail.no

Vi har dette tilbodet om mat på Eid Ungdomsskule:

  • Fredag 16.10: Servering av suppe i samband med foredraget.
  • Laurdag 17.10: Lunsjmåltid m/kaffi, sal av kaker /brus/vatn
  • Søndag 18.10:  Lunsjmåltid m/kaffi, sal av kaker /brus/vatn
Festmiddag på Nordfjord Hotell:
  • Koldtbord med ulike rettar (vi reknar med at der er rettar som passar for allergikarar, men vi kan gje beskjed til hotellet i tillegg.)

tirsdag 5. mai 2015

Info om påmelding!

Vi har fått spørsmål om ein kan melde seg på pr epost.

Det står i invitasjonen at det er "bindande skriftleg påmelding".


Vi har no bestemt at ein epost også er å sjå på som bindande!

Då melder du deg på slik:


  • Brev der du legg ved påmeldingsskjemaet,  eller
  • Epost der du skriv inn dei opplysingane som trengs om namn, kursnr. og kva for måltid du bestiller.
Husk å setje opp alternative kurs i prioritert rekkefølge!

mandag 4. mai 2015

Invitasjon til Vestlandstreff 2015 på Nordfjordeid!

Invitasjonen er no sendt ut til dei quiltelaga på Vestlandet som vi kjenner til. Andre quilteinteresserte kan også melde seg på kursa! Dato: 16.-18. oktober på Nordfjordeid!




Her er oversikt over kursa som dei 11 kursholdarane har:

















HER er link til PDF-fil der du kan laste ned heile invitasjonen med program og påmeldingsskjema.












fredag 1. mai 2015

Invitasjonen er sendt ut!

I går vart invitasjonen til årets Vestlandstreff postlagt! Den går ut pr brev til alle quiltelag på Vestlandet som vi har funne adresser til, så då må medlemmane få den info dei treng frå sine lag.


Pga. helg og sakte postgang vil ikkje invitasjonen nå fram før over helga. Om eit par dagar vert det lagt ut link til invitasjonen her, då kan ein laste den ned sjølve.  Sidan påmeldinga er etter "først til mølla"-opplegg, ventar vi med linken her slik at det vert mest mogleg likt for alle.

Som nemnt tidlegare er treffet ope for alle, uansett kvar ein kjem frå og om ein er med i eit quiltelag eller ikkje.

Vi gler oss til å ta imot mange kreative quiltarar, og vi kan nemne at fredag vil Wenche Wolff Hatling holde foredrag for oss! Det vert også fleire butikkar, så alt ligg til rette for at vi skal få ei flott helg.

Den endelege kurslista vår har no 11 ulike kursholdarar med til saman 18 kurs, og vi har eit drop-in kurs.
Påmeldingsfristen er 15.6!